PPT-RÅDGIVER: -sårt,vondt og humoristisk.

 

-Skulen må ta ansvar13444188_10157129634480160_2129552922_n

Skuletida var ein samanhengande jævlig periode. – Er du lærar, har du eit ansvar for å setje deg inn i kva ADHD er for noko.

 

– Er du lærar, har du eit ansvar for å setje deg inn i kva ADHD er for noko. Skulen må ta ansvar – Mi oppleving er at eg vart rolegare på utsida, men at kaoset flytta inn. Det indre kaoset voks og eg mista søvnen. Eg analyserte det indre kaoset, og tankekøyret tok plassen til søvnen. For meg har kosthald og sjølvrealisering blitt den beste medisinen, seier han. Kjente seg att Det var 19 år gamle Mari Elisabeth Løkken som tok initiativet til å invitere Krogh til Hallingdal. Etterpå var ho nøgd med besøket. – Det var heilt utruleg bra. Eg kjente meg igjen i det han fortalde. Han er flink til å formidle korleis det er å leve med ADHD. Og så kjekt at det kom så mange. Det var ikkje eitt ledig sete, seier ho. Krogh har gjort det til ei livsoppgåve å fjerne tabu rundt ADHD-diagnosen. Han seier at han planlegg ein ny tur til Hallingdal alt før sommaren.

 

Det seier forfattar og skodespelar Magnus Jackson Krogh. Sundag kveld stod han på scenen på Thon Hotell Hallingdal med framsyninga «Samtalen», eit humoristisk show om eit alvorleg tema. Krogh fortalde om korleis det har vore å vekse opp med diagnosen ADHD. Galningen vart skodespelar «Samtalen» hadde ein alvorleg undertone, men under alvoret låg det tjukke lag med sjølvironi og humor. Dei episodane som utløyser mest kjeft i barndomen, blir ofte dei beste historiene å fortelje som vaksen.

Magnus Jackson Krogh hadde meir enn nok å fortelje om. Og historiene hadde ein oppløftande bodskap. – Eg er privilegert som har ein diagnose som gjer at eg kan kjenne på kjærleik, sinne, hat, glede og lykke. Det er jo dette som gjer oss menneskelege. Som barn vart eg stempla som ein «galning». Viss nokon kallar deg idiot mange nok gonger, kan det fort ende opp med at du blir det. Men impulsiviteten er også ei kjelde til kreativitet. I dag er dette ein stor ressurs for meg. I dag lever eg av impulsiviteten. «Galningen» har vorte skodespelar, sa han. Tjukk mappe med fagrapportar Som barn vart han oppfatta som ein villstyring utan impulskontroll.

Å ha ADHD er å leve med kjensler som spriker i mange retningar. For eit barn er dette vanskeleg å sortere. Det mangla ikkje utgreiingar frå fagfolk. Det finst tallause pedagograpportar, som ligg samla i ei tjukk mappe. Men rapportane gjorde ikkje skulekvardagen lettare. Kort veg frå PPT til apoteket Krogh gjekk ut av ungdomsskulen for 15 år sidan, men han trur ikkje at forholda er svært mykje betre for barna som i dag slit med uro i kroppen. Han er kritisk, både til fagfolka i helsevesenet, PPtenesta og lærarane i den norske skulen. – Det er ein mangel på kompetanse om ADHD. Og det som finst av kompetanse, kjem ikkje frå dei som har denne diagnosen. Vegen er litt for kort frå PPT til BUP og vidare til apoteket. Det er litt for lettvint å setje barn på medisinar. Du kan ikkje medisinere vekk ein måte å vere på, seier han. Kaoset flytta inn i skallen Medisinering av barn med ADHD er eit kontroversielt tema. Temaet dukka opp på slutten av showet, då Krogh opna for spørsmål frå salen. Han seier det er vanskeleg å gje generelle råd. Det er individuelt korleis medisinane verkar. Eg er privilegert som har ein diagnose som gjer at eg kan kjenne på kjærleik, sinne, hat, glede og lykke.

å,l

KJENTE SEG ATT: Det var Mari Elisabeth Løkken som tok initiativ til å få forfattar og skodespelar Magnus Jackson Krogh til Hallingdal med showet «Samtalen», eit show om å leve med ADHD. – Det var fantastisk bra. Eg kjente meg att i det han fortalde, seier ho.

PPT-RÅDGIVER: -Sårt,vondt og humoristisk.

– Eg lærte kanskje ikkje så mykje nytt, men «Samtalen» gav meg innsikt og noko å tenkje på. Det seier Vigdis Melvold, pedagogisk-psykologisk rådgjevar i PPT. Ho var ei av dei som tok plass i ein fullsett sal for å høyre Magnus Jackson Krog fortelje om livet med ADHD. I tillegg til å vere fagperson på feltet, har ho også nære slektningar med diagnosen. – Det beste er at han fortalde om det såre og vonde på ein så humoristisk og god måte. Han fekk fram at det også er fordelar med diagnosen. ADHD gir ei form for kreativitet og openheit som er positiv. Eg trur kanskje dette var noko av det viktigaste han formidla, seier ho. 

Krogh er kritisk til skuleverket. Har han rett i kritikken? – Skulen er utfordrande for desse elevane. Men det skal også seiast at det har vore ei utvikling i positiv retning. Eg meiner at ADHD ikkje er tabu på same måte som før. Det er viktig at skulen legg til rette for desse elevane. At dei strukturerer skulekvardagen og lagar avbrekk og pausar frå klasserommet. Krogh har gjort ein innsats for å få openheit om temaet. Det er bra, seier ho.